Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Lisleåna kraftverk

Del
NVE gjev lokale grunneigarar løyve til å bygge Lisleåna kraftverk i Hægebostad kommune, Vest-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 1,1 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 55 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 58 meter over omlag 600 meter i Lisleåna. Lisleåna er ei sideelv i Lyngdalsvassdraget som vart verna i verneplan III for vassdrag. Årsaka til vernet var Lyngdalsvassdragets urørde preg. Etter NVE sitt syn vil Lisleåna kraftverk, med dei vilkåra som er satt, ikkje kome i konflikt med verneinteressene og heller ikkje vere i konflikt med andre kjende allmenne interesser i området.

Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser har NVE fastsett ei minstevassføring på 150 l/s heile året. Omsøkt regulering av Rossevatn er funne å vere i strid med vernegrunnlaget, og er ikkje tillete. Inntaket må plasserast slik at vasstanden i Lautjørna ikkje kan endrast, og rørtraseen må bores gjennom fjell i dei øvste partia og deretter graves ned.

NVE vurderar utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

Avdelingsingeniør Kristin Haugen, tlf. 22 95 94 23

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye