Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til Bruelva kraftverk

Del
NVE seier ja til å bygge Bruelva minikraftverk i Bruelva, Vanylven kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på omlag 2,12 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 100 husstandar.
Utbygginga vil nytte eit fall på 234 meter frå kote 374 til kote 140 og endre naturleg vassføring på ein omlag 900 meter elvestrekning. 

Av omsyn til naturmiljøet og friluftsliv er det gjeve løyve mellom anna på vilkår av at det vert sleppt ei tilsigsavhengig minstevassføring på 20 l/s heile året. Prosjektet medfører få permanente inngrep utover fråføringa av vatn i Bruelva.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

For meir informasjon kontakt
Avdelingsingeniør Eirik Bjerke Thorsen, tlf. 22 95 93 80
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye