Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Fjord Miljøenergi får bygge fjernvarmeanlegg i Førde

Del
NVE har gjeve Fjord Miljøenergi AS løyve til å bygge og drive eit fjernvarmeanlegg i Førde kommune i Sogn og Fjordane. Samstundes avslår NVE søknaden om fjernvarmeanlegg frå Sunnfjord Energi AS. Anlegget til Fjord Miljøenergi AS omfattar ein varmesentral med ein samla effekt på 18 MW i 2010 og 25 MW i 2018.

NVE vurderer at anlegga planlagt av Sunnfjord Energi AS og Fjord Miljøenergi AS ikkje har vesentlege negative konsekvensar for lokalsamfunnet. NVE har vektlagt at Fjord Miljøenergi AS sitt prosjekt har ein betydeleg høgare samfunnsøkonomisk lønnsemd enn prosjektet til Sunnfjord Energi.

Anlegget til Fjord Miljøenergi AS omfattar ein varmesentral med ein samla effekt på 18 MW i 2010, som er planlagt utvida til 25 MW i 2018. Frå 2018 vil den årlege varmeproduksjonen tilsvare det årlege energiforbruket til ca. 2000 norske hushald. Varmeproduksjonen kjem frå biokjelar fyrt med fuktig flis (omlag 90 %). Gass skal nyttast for å dekke resten av produksjonen.

Fjord Miljøenergi AS planlegg å søke Førde kommune om tilknytingsplikt etter Plan- og bygningslova.

Meir om saka på www.nve.no

For meir informasjon, kontakt
Avdelingsingeniør Mathieu Groussard, tlf. 22959032
Seksjonssjef Arne Olsen, tlf. 22959227, mobil 91548387

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye