Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Nei til Mølnelva kraftverk

Del
NVE seier nei til bygging av Mølnelva kraftverk i Narvik kommune, Nordland. NVE meiner at fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper som påførast ålmenne interesser.
Statkraft Energi AS har søkt NVE om løyve til å bygge Mølnelva kraftverk i Narvik kommune. Kraftverket vil nytte et fall på 285 meter og gi ein årleg medelproduksjon på 12,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 630 husstandar.
NVE legg i si vurdering vekt på at prosjektet er planlagt med rørgate over bakken og at ei utbygging vil redusere vassføringa i Mølnelva kraftig. Utbygginga vil medføre betydelege negative konsekvensar for friluftsliv og reindrift. Dei negative konsekvensane kan etter vår meining vanskeleg avbøtast ved tiltak.

NVE meiner derfor at fordelane ved bygging av Mølnelva kraftverk er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.
 
Meir om Mølnelva kraftverk på www.nve.no

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Eirik Bjerke Thorsen, tlf. 22 95 93 80

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye