Løyve til vassuttak frå Sundsfjordvassdraget
Nova Sea AS planleggjar å opprette eit settefiskanlegg på Øyra i Sundsfjord, Gildeskål kommune. Anlegget skal etter planen produsere 8 – 10 mill. smolt, og vil gje om lag 12 arbeidsplassar når det er i drift. Anlegget blir etablert i eit område som allereie er sterkt prega av menneskelege inngrep, og kor vassdraget er regulert til kraftføremål.
NVE vektlegg at etableringa av anlegget vil gje tiltrengte arbeidsplassar i Gildeskål kommune og at den auka verdiskapinga vil vere markant. NVE meiner at fordelane ved tiltaket samla sett er større enn ulempene for allmenne og private interessar.
Meir om løyvet på www.nve.no
For nærare informasjon kontakt
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Senioringeniør Stian Bue Kanstad, tlf 76 92 33 64
Overingeniør Auen Korbøl, tlf 22 95 93 44
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE tilrår nye konsesjonsvilkår for Seljordsvatn16.12.2025 12:07:51 CET | Pressemelding
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tilrår Energidepartementet å gi Midt-Telemark kommune nye konsesjonsvilkår for reguleringa av Seljordsvatn i Seljord og Midt-Telemark kommunar. Samstundes vurderer NVE at utviding av Oterholtfoss kraftverk i Bøelva er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om å fylle igjen tre tjern i verna vassdrag16.12.2025 12:00:10 CET | Pressemelding
Selskapet North Sea Energy Park AS har søkt om å fylle igjen tre tjern i det verna Bjerkreimvassdraget i Rogaland. Årsaka er etablering av ein næringspark i Bjerkreim kommune. Noregs vassdrags- og energidirektorat avslår søknaden av omsyn til verneverdiane i vassdraget.
NVE anbefaler nye vilkår for Lundesokna- og Holtareguleringen15.12.2025 13:01:00 CET | Pressemelding
Dagens regulering av Lundesokna har negativ påvirkning for fisk i Gaula, et nasjonalt laksevassdrag. NVE anbefaler derfor at det innføres minstevannføring på strekningen i Lundesokna der laks og sjøørret vandrer opp fra Gaula. De nye vilkårene vil ikke påvirke kraftproduksjonen betydelig.
NVE vurderer at Insteelvane kraftverk ikkje krev ny konsesjon12.12.2025 12:09:37 CET | Pressemelding
Firdakraft ønsker å auke kraftproduksjonen i magasinområda til Øksenelvane kraftstasjon i Bremanger kommune med nye Insteelvane kraftverk. Kraftverket vil nytte fallet frå det eksisterande bekkeinntaket i Insteelva. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har konkludert med at planane ikkje er konsesjonspliktig.
NVE avslår søknaden om Tura kraftverk9.12.2025 14:31:28 CET | Pressemelding
NVE har avslått søknaden frå Småkraft AS om å byggje Tura kraftverk i Vik kommune, Vestland fylke. NVE har tidlegare gitt avslag til eit liknande prosjekt og avslår saka før høyring.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
