Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Veslefallet kraftverk

Del
NVE har gjeve Kiær Mykleby løyve til å bygge Veslefallet kraftverk i Stor-Elvdal kommune i Hedmark. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 16,5 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 825 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på om lag 135 meter i Søkkunda, frå inntak nedanfor Storfallet kraftverk og ned til omlag kote 260. Vatnet vert ført i tunnel og nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen. Det er naudsynt med noko opprusting av veg inn til inntaket.

For å ivareta området sine landskapsverdiar, og for å sikre tilhøva for fisk og andre vassdragstilknytta artar er det fastsett ei minstevassføring på 550 liter i sekundet i tida 1. mai – 30. september. Det er vidare lagt vekt på at alle inngrepa skal gjerast med varsemd. NVE vil sjå til at dette vert ivareteke gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget og oppfølging i byggetida.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Meir om Veslefallet kraftverk.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Jens Aabel, tlf. 22 95 90 11
Overingeniør Laila P. Høivik, tlf. 22 95 92 67

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye