Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Avslag for Mølnelva kraftverk

Del
NVE seier nei til bygging av Mølnelva kraftverk i Bodø kommune, Nordland. NVE meiner at fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper for ålmenne interesser.

Mølnelva Kraft har søkt NVE om løyve til å bygge Mølnelva kraftverk i Bodø kommune. Kraftverket vil nytte fallet mellom Gardsvatnet og Breivika og regulere Gardsvatnet med 1 meter. Dette vil gi ein årleg produksjon på om lag 7,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 375 husstandar.

NVE legg i vurderinga vekt på at ei utbygging vil redusere vassføringa i Mølnelva kraftig. Utbygginga vil medføre betydelege negative konsekvensar for rødlistearten elvemusling som er beskytta gjennom internasjonale konvensjonar. Konsekvensane for elvemusling kan etter vår meining vanskeleg avbøtast ved tiltak. I tillegg vil utbygginga ha ei viss effekt på anna biologisk mangfald.

NVE meiner derfor at fordelane ved bygging av Mølnelva kraftverk er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.

Meir om kraftverket på www.nve.no

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller mobil 901 98 216
Seniorrådgiver Gry Berg, tlf. 22 95 92 20

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye