Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om oppstart av planarbeid for Stardalen kraftverk

Del
NVE har motteke melding frå Stardalen Kraft AS med planar for bygging av Stardalen kraftverk i Jølster kommune, Sogn og Fjordane. NVE arrangerer difor eit offentleg møte på Stardalen Bygdetun 27. februar kl. 19.30.

Kraftverket vil gi ein årsproduksjon på 49 GWh, noko som svarar til sttraumbruken til omlag 2500 husstandar.

Kraftverket vil nytte fallressursane i Starddalselva over ei strekkje på om lag tre kilometer frå Grepstad mot Klakegg. Meldinga er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Tenestekontoret i Jølster kommune til høyringsfristen går ut 14. mars 2008.

På folkemøtet vil NVE orientere om sakshandsaminga og Stardalen Kraft AS vil orientere om planane for det nye kraftverket og forslag til konsekvensutgreiing. Folkemøtet haldast på Stardalen bygdetun 27. februar kl. 19.30.

Meir informasjon om saka på www.nve.no.

Kontaktperson
Avdelingsingeniør Finn Roar Halvorsrud, tlf. 22 95 98 53
 
 
 

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye