Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Statnett får bygge 420 kV kraftleidning Sima - Samnanger

30.5.2008 11:00:26 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del
NVE har gjeve Statnett SF løyve til å byggje ein ny 420 kV kraftleidning frå Sima kraftverk i Eidfjord kommune til Samnanger transformatorstasjon i Samnanger kommune i Hordaland. I tillegg går kraftleidningen gjennom Ulvik, Granvin og Kvam kommunar. NVE tilrår luftleidning på heile strekninga.

Kraftleidningen vil vere viktig for å sikre kraftforsyninga til Hordaland (BKK-området), og den legg til rette for ei god utvikling av nettsystemet på lengre sikt.

NVE har gjeve konsesjon til luftleidning på heile strekninga. Etter NVE si vurdering vil luftleidningen gi akseptable konsekvensar for miljø og arealbruk. NVE har ikkje funne grunnlag for å krevje at kraftleidningen vert bygd som sjø- eller jordkabel på heile eller delar av strekninga. Fordelane med kabel kan ikkje vege opp for dei høge kostnadane med kabel på dette spenningsnivået. Verknadane av luftleidningen i dette området skil seg ikkje vesentleg frå verknadane i andre saker NVE har hatt til handsaming på dette spenningsnivået dei seinare åra.

Som vilkår i konsesjonen til Statnett har NVE stilt krav om avbøtande tiltak som traséjusteringar, kamuflering av master og matting av liner. Desse tiltaka vil ha ein kostnad på omkring 15 millionar kroner.

Meir om saka på www.nve.no

Kontaktpersonar i NVE:
Vassdrags- og energidirektør Agnar Aas, tlf. 22 95 90 70, mobil 951 79 164

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye