Løyve til å bygge Hopselva kraftverk
Hopselva kraftverk vil nytte det meste av fallet i Hopselva, frå utløpet av Sævildvatnet og ned til kote 20. Sævildvatnet skal regulerast med 0,5 meter. Vatnet vert ført i tunnel og grave ned i røyr frå Sævildvatnet til kraftstasjonen. Det er naudsynt med noko vegbygging fram til stasjonstomta og vidare oppover for legging av røyrgata.
Av omsyn til hekkande storlom er det krav om at reguleringa i Sævildvatnet ikkje kan nyttast frå 10. april til ut juni. For å sikre tilhøva for fisk og elvemusling er det fastsett ei monaleg minstevassføring frå utløpet av vatnet. Denne skal vere på 250 l/s i tida 1. september – 30. november og 180 l/s resten av året. Det er vidare lagt vekt på at arealbruken knytt til dei tekniske inngrepa skal vera på eit minimum, og alle inngrepa skal gjerast med varsemd. NVE vil sjå til at dette vert ivareteke gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget og oppfølging i byggetida.
NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.
Meir om Hopselva kraftverk på www.nve.no
For meir informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mob. 901 98 216
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
Styrtregn-varsel på høyeste nivå24.7.2025 12:32:36 CEST | Pressemelding
Meteorologisk institutt (MET) har sendt ut, i samråd med NVE, et varsel om svært kraftig styrtregn på oransje nivå for store deler av Sør-Trøndelag, Vestlandet, Agder og vestlige deler av Telemark, Buskerud og Innlandet. Varselet gjelder torsdag 24. juli. Oransje er det høyeste varslingsnivået som kan føre til alvorlige lokale oversvømmelser, jord- og flomskred
Overvåker ustabilt fjellparti i Sunndal kommune15.7.2025 09:48:20 CEST | Pressemelding
NVE forventer ikke store konsekvenser av et eventuelt skred fra Skarfjellet.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom