Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Tjøtaelva kraftverk

Del
NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Tjøtaelva kraftverk i Gloppen kommune, Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 8 GWh, noko som tilvarar straumbruken til om lag 400 husstandar.

Tjøtaelva kraftverk vil nytte eit fall på 390 meter over ei strekke på om lag 1200 meter. Løyvet føreset at inntaket leggast på kote 400 og at røyrgata gravast ned.

Kraftstasjonen skal plasserast ovanfor vegen ved utlaupet til Tjøtaelvas i Hyefjorden. Av omsyn til landskapsinteresser og biologisk mangfold, har NVE fastsett ei minstevassføring på 100 l/s om sommaren, og 20 l/s resten av året.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne interesser.

Meir om kraftverket på www.nve.no

For meir informasjon kontakt
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobiltlf. 901 98 216
Rådgjevar Steinar Pettersen, tlf. 22 95 90 13

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye