Flaumsonekart for Sauland og Seljord
Seljord
For Seljord er det utarbeida flaumsonekart for eit område langs Bygdaråi og Seljordvatnet.
Ved ein 10-års flaum vil jordbruksland ved Flatland, Nes og Skutevollen overfløymast. Både ved Dyrskuplassen og ved Utgarden er det store lågpunktområde. Desse områda vil overfløymast om flaumvollen brest. Rundt 100-årsflaum vert flaumvollen overtoppa, og ved 200-årsflaum vil rundt 50 bygg vere utsett for overfløyming. Relativt mange bygningar vil vere utsett for vatn i kjellarane ved en 200-års flom.
Sauland
For Sauland er det utarbeida flaumsonekart for eit ca. 6 km langt område langs Hjartdøla ved Sauland.
Allereie ved ein 10-års flaum vil delar av busette område rundt Sauland sentrum og store område med dyrka mark vere overfløymte. Området er flatt og små endringar i vassføringa vil endre flaumutbreiinga mykje. Ved 200-årsflaum vert store område rundt Sauland sentrum, Åmot, Omnes nedre og området rundt idrettsplassen overfløymt. Relativt mange bygg vil vere utsett for vatn i kjellarane ved ein 200-års flom.
Om karta
Flaumsonekarta gjev kommunen verdfull informasjon i arealplanlegging, byggesaksbehandling og lokal flomberedskap. Målet er å styre arealbruken betre og blant anna hindre at det vert bygd på område som vert utsett for skadeflom i framtida. Karta er også et viktig innspel i arbeidet neste gang Hjartdal og Seljord rullerer kommuneplanane sin.
På bakgrunn av erfaringane frå storflaumen på Austlandet i 1995, vert flaumsonekart i dag sett på som det viktigaste tiltaket for å redusere flaumskadar i framtida. Målet er å kartleggje dei elvestrekningane i Noreg som er mest utsette for flaumskade.
Les rapporten og sjå karta på www.nve.no/flomsonekart .
For meir informasjon kontakt:
Prosjektleiar Eli K. Øydvin telefon: 22 95 94 89
Regionsjef Einar Beheim telefon:33 37 23 01
Senioringeniør Turid Bakken Pedersen telefon: 33 37 23 07
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE gir konsesjon til Grasmo og Magnormoen solkraftverk28.5.2025 15:53:55 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Differ Energy AS tillatelse til å bygge to solkraftverk i Eidskog kommune.
Kraftproduksjonen i Gausa må ta økt hensyn til storørreten28.5.2025 12:58:04 CEST | Pressemelding
NVE stiller nye krav til kraftproduksjonen i det vernede vassdraget Gausa, Gausdal kommune. Kravene skal sikre tryggere vandringsvei og bedre gyte- og oppvekstsvilkår i et av Norges mest verdifulle storørretvassdrag.
NVE gir konsesjon til Fyresdal solkraftverk27.5.2025 15:09:57 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Solgrid AS tillatelse til å bygge et solkraftverk i Fyresdal kommune. Dette blir det tolvte solkraftverket som får konsesjon i Norge.
NVE gir konsesjon til Revehei solkraftverk22.5.2025 14:39:58 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir Solkraft Sør AS tillatelse til å bygge et solkraftverk i Lindesnes kommune. Solkraftverket har fått tillatelse til å bygge ut anlegget med batteri og skal forankres på fjell. Dette blir det ellevte solkraftverket som får konsesjon i Norge.
NVE gir Namsos kommune et overtredelsesgebyr på én million kroner21.5.2025 14:30:00 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gir gebyret til Namsos kommune for ulovlig regulering av Statlandvatnet og Storvatnet i Statlandvassdraget.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom