Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Kysinga kraftverk

Del
NVE har gjeve Kysinga Kraft AS løyve til å bygge kraftverk i Kysinga i Rindal kommune, Møre og Romsdal. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 200 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på om lag 255 meter over ei strekkje på 500 meter. Av omsyn til landskapsopplevinga og det biologiske livet i elva er det fastsett ei minstevassføring i Kysinga på 200 l/s i perioden 1. mai - 30. september. Resten av året skal det sleppast 40 l/s.

NVE har ikkje gjeve løyve til eit større alternativ som omfatta oppdemming og regulering av Kysingvatn. Dette ville etter vår meining ha gjeve store konsekvensar for fauna og flora knyta til vatnet, ei viss negativ påverknad på landskapsbiletet og tidvis påverknad på anadrom fisk i Rinna nedstraums samlaupet med Kysinga.

NVE meiner at fordelane ved utbygginga i Kysinga slik det er gitt løyve til er større enn ulempene for allmenne og private interesser.

For meir informasjon kontakt
Seksjonssjef  Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mob. 901 98 216
Senioringeniør Knut Ola Aamodt, tlf. 22 95 92 54

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye