Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Sagelvi kraftverk

Del
NVE har gjeve Småkraft AS løyve til bygging av Sagelvi kraftverk i Sagelvi i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 7 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 350 husstandar.

Sagelvi kraftverk vil nytte eit fall i Sagelvi frå inntak på kote 447 og ned til fjorden. Røyrgata vil for det meste verte nedgrave. Skogsbilvegar i området gjer at trongen for nye anleggsvegar er redusert.

For å oppretthalde vasstilknyta artar i og langs elva, og for at vassdraget framleis skal ha ei viss landskapsmessig verdi, er det sett krav om minstevassføring på 50 l/s i tida 1. mai – 30. september og 20 l/s resten av året. Godkjenning av detaljplanar og oppfølging i byggetida vert utførd av NVE som vil sjå til at anlegget vil få ei god landskapsmessig tilpassing.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

For meir informasjon kontakt:
Seniorrådgivar Ivar Sægrov, tlf. 57 83 36 72, mob. 952 90 120
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mob. 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye