Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Folkemøte om Mork kraftverk

17.9.2008 09:00:19 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding

Del
NVE har motteke søknad frå Mork kraftverk AS om løyve til å bygge Mork kraftverk i Erdalselvi i Lærdal kommune, Sogn og Fjordane. I samband med søknaden vert det arrangert folkemøte onsdag 24. september 2008, kl 19.00 i Ungdomshuset i Erdal.
Representantar frå Mork kraftverk AS og NVE vil vere tilstades på møtet for å orientere om utbyggingsplanane og sakshandsaminga.

Mork kraftverk vil nytte eit fall på 365 meter med inntak på kote 410 og utlaup på kote 45. Sideelva Kolda er planlagt overført til kraftverksinntaket. Kraftverket vil ha ein installert effekt på omlag 35 MW. Årleg kraftproduksjon er berekna til rundt 88 GWh.

Søknaden er lagt ut til offentleg gjennomsyn på Servicesentralen og Rådhuset i Lærdal fram til 1. november 2008. Søknaden er òg tilgjengeleg på www.nve.no/vannkraft-ku .

For meir informasjon kontakt:
Seksjonssjef Jens Aabel, tlf. 22 95 90 11.
Senioringeniør Jan Sørensen, tlf. 22 95 92 11.

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye