Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Ikkje løyve til Frafjord kraftverk

Del
NVE seier nei til Frafjordkraft AS om å byggje Frafjord kraftverk i Gjesdal kommune, Rogaland. Avslaget gjeld regulering av Giljastølsvatnet og utnytting av Kvednabekken som er ein del av det verna Frafjordvassdraget.

Frafjordkraft AS har søkt om løyve til å byggje Frafjord kraftverk i Gjesdal kommune. Kraftverket hadde ein planlagd installert effekt på under 1 MW og ein årleg produksjon på om lag 5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 250 husstandar.

NVE legg i si vurdering vekt på at Kvednabekken er ein del av det verna Frafjordvassdraget som er verna mellom anna på grunn av friluftsliv særs store botaniske verdiar. Det omsøkte prosjektet ville røre skuggefulle lier med betydelege førekomstar av oseaniske mosar og lav som er trekt fram som ein viktig del av vernegrunnlaget, medan Giljestølsvatnet er særs viktig for friluftslivet .

I verna vassdrag kan nye anlegg bare gis løyve dersom omsynet til verneverdiane i vassdraget ikkje talar imot . Det omsøkte tiltaket røyrer etter NVE sitt syn verneverdiane på fleire punkt . Det høge uttaket av vatn og regulering av Giljastølsvatnet er ikkje i samsvar med ivaretaking av verneverdiane .

Meir om Frafjord kraftverk på www.nve.no/konsesjonsnyheter

For meir informasjon kontakt
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Seniorrådgjevar Gry Berg, tlf. 22 95 92 20

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye