Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Nydalselva kraftverk

Del
NVE har gjeve Nydalselva Kraft AS løyve til å bygge Nydalselva kraftverk i Breimsvassdraget, Jølster kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket er eit elvekraftverk og årleg produksjon er berekna til omlag 20 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 1000 husstandar.

Utbygginga vil nytte fallhøgda på 635 m frå kote 705 og ned til Breimsvatnet, og fråføre vatn på ei 1700 m lang elvestrekning i eit fjell- og skoglandskap.

Av omsyn til natur og miljø er det mellom anna stilt krav om ei tilsigsavhengig minstevassføring på 100 l/s i sommarsesongen. For å minske inngrepa i landskapet og konflikt med det planlagde landskapsvernområdet i Naustdal/Gjengedal, er omsøkt veg opp til inntaket teken ut av prosjektet. Det er og sett krav om at vassvegen vert bora på den øvre delen av strekninga. Med desse krava vurderer NVE utbygginga saman med dei avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne interesser.

Meir om Nydalselva kraftverk på www.nve.no

For nærmare informasjon kontakt
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mobil 901 98 216
Senioringeniør Magne G. Verlo, tlf. 57 83 36 70, mobil 950 80 35

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye