Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Søråni kraftverk

Del
NVE har gjeve Arbeidsutvalet for Søråni kraftverk løyve til å bygge Søråni kraftverk i Bygland kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 16 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 800 husstandar.
Kraftverket vil nytte eit fall på om lag 280 meter i Søråni, frå inntak like nedenfor Jordalsvatnet og ned til kote 245. Det er ikkje gjeve tillatelse til reguleringa av Jordalsvatnet som det vart søkt om. Vatnet vert i hovudsak ført i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen.

For å sikre tilhøva for fisk og andre vassdragstilknytta artar, er det fastsett ei minstevassføring på 400 l/s i tida 1. mai – 30. september og 250 l/s resten av året. Det er vidare lagt vekt på at dei tekniske inngrep skal verte tilpassa landskapet, og at ein unngår støyproblemer ved drift av kraftstasjonen. NVE vil sjå til at dette vert ivareteke gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget og oppfølging i byggetida.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Overingeniør Laila P. Høivik, tlf. 22 95 92 67

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye