Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Torvikelva kraftverk

Del
NVE har gjeve Småkraft AS løyve til å bygge Torvikelva kraftverk i Eid kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 4,5 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 225 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 100 meter i Torvikelva, frå brua til Follesdal og ned til omlag kote 10. Vatnet vert i hovudsak ført i nedgrave røyr frå inntaket til kraftstasjonen. Det er naudsynt med noko vegbygging fram til stasjonstomta og vidare oppover for legging av røyrgata.

For å sikre tilhøva for fisk og andre vassdragstilknytta artar, er det fastsett ei minstevassføring på 200 l/s i tida 1. mai – 30. september og 100 l/s resten av året. Det er vidare lagt vekt på at arealbruken i samband med dei tekniske inngrepa skal vera på eit minimum, og alle inngrepa skal gjerast med varsemd. NVE vil sjå til at dette vert ivareteke gjennom godkjenning av detaljplanar for anlegget og oppfølging i byggetida.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Meir om kraftverket på www.nve.no

Kontaktpersonar
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Avdelingsingeniør Kristin Haugen, tlf. 22 95 94 23

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye