Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til bygging av Kylland kraftverk

Del
NVE har gjeve Kylland Kraft AS løyve til bygging av Kylland kraftverk i Lisleåna i Åseral kommune i Vest-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 3,8 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 175 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 91 meter over ei strekke på 600 meter i nedre del av Lisleåna mot Mandalselva.

Av omsyn til biologisk mangfald generelt og fiskebestanden spesielt, har NVE fastsett ei minstevassføring på 80 liter i sekundet heile året. I NVE sin vurdering er det også lagt vekt på at inntaksdammen til kraftverket får ei utforming og plassering som minimaliserer effekten på naturmiljøet i området.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Meir om Kylland kraftverk på www.nve.no.

For nærare informasjon kontakt
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89
Senioringeniør Kjell Carm, tlf. 33 37 23 12

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye