Avslag for Ytre Grotle kraftverk
Grunneigarane på Ytre Grotle i Bremanger kommune har søkt NVE om løyve til å bygge eit småkraftverk utan reguleringsmagasin i Kvernhuselva og overføring av Hasalelva og Kringleelva til inntaket i Kvernhuselva. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 5,4 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 270 husstandar.
NVE meiner at prosjektet vil komme i sterk konflikt med det eksponerte landskapet på fjellplatået på Bremangerlandet og i lia ved Grotlesanden på Ytre Grotle. Røyrgata og anleggsvegen vil gje godt synlege terrenginngrep i den bratte steinura opp til Grotledalen. NVE meiner at utbygginga også vil ha negative konsekvensar for biologisk mangfald, kulturlandskap og kulturminne frå nyare tid. Utbygginga vil redusere vassføringa i Hasalelva, Kringleelva og Kvernhuselva kraftig.
Dei landskapsmessige konsekvensane kan vanskeleg avbøtast med tiltak. Etter vårt syn vil fordelane i denne saka i form av noe økt kraftproduksjon og lokal verdiskaping ikkje overstige ulempene.
NVE meiner derfor fordelane ved bygging av kraftverket er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 ikkje er oppfylt. På denne bakgrunn er søknaden avslått.
Meir om Ytre Grotle kraftverk på www.nve.no
For meir informasjon kontakt
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mob. 901 98 216
Seniorrådgjevar Erik Roland, tlf. 22 95 90 24, mob. 913 97 771
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE vurderer at kraftsituasjonen er innenfor det normale7.8.2025 12:33:23 CEST | Pressemelding
NVE forventer at det vil være tilstrekkelig tilgang på kraft gjennom vinteren. Den samlede magasinfyllingen i Norge er omtrent på normalt nivå. Kraftsituasjonen i Sørvest-Norge er også innenfor normalen, selv om magasinfyllingen er lav for årstiden.
NVE samarbeider tettere med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg5.8.2025 12:01:10 CEST | Pressemelding
NVE har inngått avtaler med Bane NOR, Gassco og Forsvarsbygg. Målet er å sikre at de kan opprettholde sine samfunnsoppgaver best mulig i situasjoner med energiknapphet eller kraftrasjonering.
Redusert fare for nye store skred i Oksfjellet, Kåfjord kommune3.8.2025 13:05:54 CEST | Pressemelding
NVE og Kåfjord kommune anbefaler å oppheve evakueringen av de seks boligene nedenfor Oksfjellet, men fortsetter å følge situasjonen tett.
Det pågår fortsatt skredaktivitet i Oksfjellet, Kåfjord kommune2.8.2025 14:13:39 CEST | Pressemelding
Fredag gikk det flere steinras i Oksfjellet i Kåfjord kommune. NVE, i samråd med kommunen, følger opp situasjonen tett.
NVE frårår ferdsel i utløpsområdet for fjellskred i Skarfjellet29.7.2025 08:41:06 CEST | Pressemelding
NVE oppmodar alle til å følgje kommunen sitt råd om å ikkje ferdast i utløpsområdet for fjellskred frå Skarfjellet inntil vidare. Eit skred vil ikkje nå bygningar eller anna infrastruktur, men det kan vere farleg å opphalde seg i utløpsområdet. Som tidlegare gjelder restriksjonane ikkje turvegen inn til Innerdalen.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom