Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Skripelandsfossen kraftverk

Del
NVE har gjeve løyve til bygging av Skripelandsfossen kraftverk i Uldalsåna i Froland og Birkenes kommuner i Aust-Agder. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 8,6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 450 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 12 meter over om lag 1 km i Uldalsåna. Av omsyn til biologisk mangfald og landskapsinteresser, har NVE fastsett ei minstevassføring på 2000 liter i sekundet frå 1. mai til 1. september, og 1500 liter i sekundet resten av året. I samband med bygginga av rørgate skal det leggas vekt på å minimalisere inngrepa i området av omsyn til landskapet og friluftslivet.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

Meir om kraftverket på www.nve.no

For nærare informasjon kontakt

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89

Overingeniør Auen Korbøl, tlf 22 95 93 44

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye