Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Anbefalar Løyve til Dyrkorn kraftverk

Del
NVE anbefalar at Tafjord kraftproduksjon AS får løyve til å bygge eit småkraftverk i Dyrkornelva i Stordal kommune, Møre og Romsdal. Prosjektet vil redusere vasskrafta i et vassdrag som i Samla plan er disponert til kraftutbygging. Olje og Energidepartementet skal derfor avgjere om det skal gis løyve.

Det planlagde kraftverket vil nytte eit fall på 224 meter og vil ha ein årleg produksjon på 10 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 500 husstandar. Utbygginga vil redusere vassføringa i elva mellom inntaket og kraftstasjonen. Tafjord kraftproduksjon AS har søkt om slipp av minstevassføring i perioden mai til oktober på 50 l/s tilsvarande alminneleg lågvassføring i vassdraget. NVE anbefalar slipp av minstevassføring forbi inntaket til kraftverket på 50 l/s heile året for å ivareta omsynet til elve- og fosselandskapet i dei nedre delane av vassdraget, samt av omsyn til fisk og næringstilgang for vassdragstilknytta fuglearter.

For meir informasjon, kontakt
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216
Senioringeniør Jan Sørensen, tlf. 22 95 92 11

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye