Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Berdalselva kraftverk

Del
NVE har gjeve Berdalselva Kraft AS løyve til bygging av Berdalselva kraftverk i Berdalselva i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 12 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 600 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 310 meter over ei strekke på 1,8 km i nedre del av Berdalselva.

Av omsyn til landskapsoppleving og biologisk mangfald, har NVE fastsett ei minstevassføring på 260 liter i sekundet frå mai til september, og 90 liter i sekundet resten av året. I samband med bygginga av inntaket og røyrgatetraseen skal det leggas vekt på å minimalisere inngrepa i området. Dette av omsyn til landskapet og opplevingsverden for turgåarar i dalen. Mellom anna skal areal som vert nytta ved bygging av vegen til inntaket tilbakeførast til opphavleg tilstand så langt som råd.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

For meir informasjon kontakt

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller 901 98 216

Overingeniør Auen Korbøl, tlf 22 95 93 44

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye