Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

NVE avslår søknad om å bygge Erstadelva kraftverk

Del
NVE seier nei til bygging av Erstadelva kraftverk i Sunndal kommune, Møre og Romsdal. NVE meiner at fordelane ved bygging av kraftverket ikkje veg opp for skadar og ulemper for ålmenne interesser.

Småkraft AS har søkt NVE om løyve til å bygge Erstadelva kraftverk i Sunndal kommune. Kraftverket vil nytte fallet mellom Erstadbotn og Øksendalen og gi ein årleg middelproduksjon på 13,3 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 650 husstandar.

NVE legg i si vurdering vekt på at ei utbygging vil redusere vannføringa i Erstadelva kraftig. Utbygginga vil fjerne eit sentralt blikkfang i lokalsamfunnet, og medføre betydelege negative konsekvensar i eit heilhetleg kulturlandskap, i tillegg til å kunne ha ei viss effekt på biologisk mangfold. Dei landskapsmessige konsekvensane kan vanskeleg avbøtast ved tiltak.

NVE meiner derfor at fordelane ved bygging av Erstadbotn kraftverk er mindre enn ulempene for ålmenne interesser, og kravet i vassressurslova § 25 er då ikkje oppfylt. På denne bakgrunnen er søknaden avslått.

Kontaktpersonar
Avdelingsdirektør Bjørn Wold, tlf. 22 95 93 11 eller mobil 908 60 649
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 eller mobil 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye