Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Torsneselva kraftverk

Del
NVE har gjeve Fjellkraft AS løyve til å bygge Torsnes kraftverk i Jondal kommune i Hordaland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på omlag 25 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 1250 husstandar.

Kraftverket i Torsneselva vil nytte eit fall på 288 meter frå Veslavatnet og nesten ned til sjøen. Kraftverket vert bygd som eit fjellanlegg.

Av omsyn til dei allmenne interessene i og langs vassdraget, særleg med vekt på landskapsoppleving og den lokale friluftsbruken i området, er det fastsett ei minstevassføring på 600 liter i sekundet frå mai til september og 60 liter i sekundet resten av året.

Det var og søkt om løyve til regulering av Veslavatnet med 0,5 m. NVE har avslått denne delen av søknaden då vi meiner at fordelane med ei slik regulering ikkje veg opp for ulempene.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.

For meir informasjon kontakt
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mob. 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye