Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge kraftverk i Kaupangerelva

Del
NVE gjev Kaupanger Energi løyve til å bygge Kaupanger 3 småkraftverk og Kaupanger 4 minikraftverk i Kaupangerelva, Sogndal kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverka vil gje ein samla årleg produksjon på om lag 12 GWh som svarar til straumbruken til rundt 600 husstandar.

Begge kraftverka utnyttar i hovudsak fallstrekninga ovanfor industriområdet på Kaupanger, men Kaupanger 4 er lokalisert ved kommunen sitt vassforsyningsanlegg på Vangestad.

Utbygginga vil utnytte ei fallhøgd på 390 m og fråføre vatn på ei om lag 3,6 km lang elvestrekning i eit skog- og utmarksområde.

Av omsyn til naturen er det sett vilkår om at det vert sleppt ei tilsigsavhengig minstevassføring på 50 l/s i perioden 1. mai – 30. september og 25 l/s i vinterhalvåret. Inngrep vil i hovudsak omfatte inntaksdam, rørgate og kraftstasjon. NVE vurderer utbygginga saman med dei avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne interesser.

Meir om kraftverka på www.nve.no

For nærmare informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mob 901 98 216
Senioringeniør Magne G. Verlo, tlf. 57 83 36 70

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye