Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Løyve til å bygge Blådalselva kraftverk

Del
NVE har gjeve Småkraft AS løyve til å regulere Blådalsvatnet og bygge Blådalselva kraftverk i Masfjorden kommune i Hordaland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på om lag 9 GWh, noko som svarer til straumbruken til rundt 450 husstandar.

Blådalsvatnet vil bli regulert med ein meter og kraftverket vil nytte eit fall på 249 meter over ei strekke på om lag 1,5 km.

Av omsyn til dei allmenne interessa i og langs vassdraget, er det sett krav om redusert regulering av Blådalsvatnet om sommaren, samt ei minstevassføring på 180 liter i sekundet heile året.

NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser.

For meir informasjon kontakt:
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89, mob. 901 98 216
Overingeniør Ingrid Haug, tlf. 22 95 94 16

Bilder

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye