Jon Eikemo får Kulturrådets ærespris 2007

19.9.2007 13:04:46 CEST | Kulturdirektoratet | Pressemelding

Del
Norsk kulturråds ærespris for 2007 går til skodespelaren, revyartisten og litteraturformidlaren Jon Eikemo. Norsk kulturråds ærespris blir kvart år delt ut til ein person som har gjort vesentleg innsats for norsk kulturliv. Prisen er på 500 000 kroner.

Tragedie eller komedie, barneteater eller modernistisk scenekunst, verdsklassikarar eller norsk folkekomedie - Jon Eikemo er ein av desse som har gjort teater til ei sak for folk flest.

- Fordi inga oppgåve har vore for stor eller for liten, har Eikemo lukkast i å få ut si kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet. Han viser at det er mogleg å bruke sitt eige språk på scena, heiter det i Kulturrådets grunngjeving.

Jon Eikemo er fødd i 1939 og kjem frå Breistein i Åsane i Hordaland. Etter utdanning ved Statens teaterskole, der han i 1959 hadde praksis ved Nationaltheatret, debuterte han på Riksteatret i Namsos i 1961 med rolla som Paul i Medmenneske. Han har vore tilsett ved seks av dei fremste teaterscenene i landet; sidan 1978 ved Det Norske Teatret. I tillegg til mange roller på teaterscenene har han hatt eit utal sentrale roller i film, fjernsyn og på revyscener. I 1979 fekk han Spelemannsprisen for Jon Eikemo les Jakob Sande.

- Orda har stor plass i Jon Eikemo si formidling. Å formidle ordkunst slik Eikemo har gjort i snart femti år, er ein ærespris verdig, ikkje minst fordi han har gjort ordkunsten viktig for så mange. Han representerer heile breidda av kunstnarlege uttrykk i nynorsk scenekunst - frå Brecht til Sande, seier Kulturrådets leder, Vigdis Moe Skarstein.

Jon Eikemo utgjer eit uunnverleg bindeledd mellom generasjonar og miljø av scenekunstnarar, regissørar og teaterinstruktørar i norsk teater- og filmhistorie. Han har òg vore ein av brubyggjarane mellom institusjonsteater og den frittståande scenekunsten.

Prisen deles ut i Oslo Konserthus, Lille Sal, torsdag 6. desember kl. 20.00.

Sidan 1968 har Norsk kulturråd delt ut sin årlege ærespris. Lista over prisvinnare inneheld ei rekkje kjende namn frå norsk kulturliv, blant anna Agnes Buen Garnes, Alf Prøysen, Sigbjørn Bernhoft Osa, Harald Sæverud, Arne Skouen, Arne Nordheim, Synnøve Anker Aurdal, Anne-Cath Vestly, Arve Tellefsen, Liv Ullmann, Sverre Fehn, Finn Carling, Kjartan Slettemark, Jon Fosse og Jan Garbarek. Æresprisen i fjor gjekk til designaren Bruno Oldani.

Kontaktpersonar i Norsk kulturråd: Vigdis Moe Skarstein, tlf 95 12 78 68 og Janne Stang Dahl, tlf 22 47 83 51

e-post: janne.stang.dahl@kulturrad.no

Om Kulturdirektoratet

Kulturdirektoratet
Kulturdirektoratet
Mølleparken 2
0459 OSLO

21 04 58 00http://kulturdirektoratet.no

Følg pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Kulturdirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Kulturdirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye