Tilrår løyve til bygging av Offerdal kraftverk
29.4.2016 13:00:00 CEST | Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) | Pressemelding
I den samla vurderinga legg NVE vekt på at kraftverket vil produsere om lag 94,6 GWh kraft i året, noko som svarar til straumforbruket til 4730 husstandar. Ei utbygging vil såleis kunne gje eit betydeleg bidrag til den nasjonale satsinga på fornybar energi.
NVEs tilråding legg til grunn utbygging etter alternativ 1 med planendring, som inneber overføring av Ytre Offerdalselvi til Indre Offerdalselvi og bygging av to kraftstasjonar med ei samla effekt på om lag 47 MW. Kraftstasjonane vil få inntak ca. 800 meter over havet i Ytre Offerdalselvi, og ca. 400 meter over havet i Indre Offerdalselvi. Kraftverket skal knytast til straumnettet via ein om lag 9 kilometer lang 132 kV kraftleidning. Leidningen vil krysse Årdalsfjorden i luftspenn og vil bli ført vidare som luftleidning og jordkabel på sørsida av fjorden frå Jensehamn fram til Naddvik transformatorstasjon.
Mogelege konsekvensar i driftsfasen er knytt til redusert vassføring på elvestrekningane som skal regulerast og fysiske inngrep i vassdragsnaturen. Ålmenne interesser som i ulik grad vil bli påverka er kulturmiljø, naturmangfald, landskap og reiseliv. Fleire høyringsinstansar har peikt på dei negative verknadene for anlegget «Ne fø’ sjøen» i Indre Offerdal. Mange er òg kritiske til landskapsverknadene av den planlagde kraftleidningen, og konsekvensar for luftfart av fjordspennet. I anleggsfasen er verknadene avgrensa til midlertidig forureining, uroing av dyrelivet og ulemper for dei som bur i nærleiken av tiltaksområdet.
For å redusere dei negative verknadene er det foreslått avbøtande tiltak. Dette er til dømes slepp av minstevassføring heile året og god miljøtilpassing av dei ulike inngrepa. I detaljplanfasen skal det gjerast ei nærare vurdering av behovet for restriksjonar på anleggsarbeidet av omsyn til villrein, i tillegg til tiltak for å redusere støy frå kraftverket. NVE tilrår at kraftleidningen skal leggjast som jordkabel dei siste to kilometrane inn til Naddvik transformatorstasjon for å redusere verknadane for kulturmiljøet i Vikadalen. NVE legg til grunn at fjordspennet på leidningen skal merkast etter gjeldande lover og reglar for luftfartshinder.
NVE meiner utbygging av Offerdal kraftverk i det anbefalte alternativet med tilhøyrande nettilknyting, og på dei vilkår som er foreslått, er akseptabel i høve til ålmenne og private interesser.
Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Offerdal kraftverk.
Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78 203
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 908 50 206
Seksjonssjef Siv Sannem Inderberg, tlf. 901 93 008
Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.
Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE fastsetter utredningsprogram for Randalen kraftverk13.10.2026 09:00:12 CEST | Pressemelding
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har fastsatt utredningsprogram for det planlagte Randalen kraftverk i Rana kommune i Nordland. Programmet beskriver ulike temaer Blåfall AS må utrede før de kan søke om konsesjon.
NVE avdekket avvik i Statkrafts arbeid med damsikkerhet12.10.2026 10:15:19 CEST | Pressemelding
NVE har gjennomført revisjoner av Statkrafts arbeid med damsikkerhet. Tilsynene avdekket alvorlige avvik knyttet til blant annet oppfølging av tekniske krav, internkontroll, overvåking og gjennomføring av sikkerhetsvurderinger.
Offentlig informasjonsmøte om ny kraftledning i Råde og Fredrikstad1.10.2026 09:52:28 CEST | Pressemelding
Elvia AS har søkt om konsesjon for fire ulike tiltak i kraftnettet mellom Råde, Fjærå og Skytterhuset. Norges vassdrags- og energidirektorat har sendt saken på høring, og inviterer til et offentlig folkemøte på Tomb VGS den 6.oktober.
NVE gir Nscale varsel om tvangsmulkt29.9.2026 11:23:30 CEST | Pressemelding
Nscale Norway AS startet bygging av datasenter i Narvik uten å ha levert en lovpålagt analyse om mulighetene for bruk av overskuddsvarme fra anlegget. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sendt Nscale et varsel om tvangsmulkt dersom de ikke utarbeider og sender inn en analyse innen 15. november.
NVE avslår søknad om Bjønntjønn kraftverk og pumpestasjon i Nissedal24.9.2026 09:57:10 CEST | Pressemelding
NVE avslår søknaden frå Juvåna Fallrettighetslag SA om løyve til å bygge Bjønntjønn kraftverk og pumpestasjon i Nissedal kommune i Telemark. Kraftverket ville ført til tap av myr og gje negative konsekvensar for registrerte naturverdiar. Samstundes ville inngrepa også gje ulemper for landskap i eit mykje brukt friluftslivsområde.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
