Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Tre løyve og fire avslag til småkraftverk i Troms

Del
NVE gjev løyve til Bjørgelva kraftverk, Middagselva kraftverk og Øvre Tømmerelv kraftverk i Sørreisa kommune. Djupelva kraftverk i Lenvik kommune og Tverrelva kraftverk, Straumsbotn kraftverk og Sørelva kraftverk i Berg kommune får avslag. NVE gjev samstundes løyve til uttak av vatn til Djupelva vassverk.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 24 GWh i eit gjennomsnittleg år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1200 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gjeve om lag 24,5 GWh/år.

Landskap, friluftsliv og reindrift har vore sentrale tema i NVEs vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVEs vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei fire kraftverka som har fått avslag.

Følg lenker i tabellen under for å lese meir om kvart kraftverk

Søkjar Kraftverk Produksjon (GWh/år)
Tinfos AS Bjørgelva kraftverk 8,0
Norsk Vannkraft AS Middagselva kraftverk 5,4
Nordkraft Prosjekt AS Øvre Tømmerelv kraftverk 10,4
Småkraft AS Djupelva kraftverk Avslag
Bekk og Strøm AS Tverrelva kraftverk Avslag
Bekk og Strøm AS Straumsbotn kraftverk Avslag
Bekk og Strøm AS Sørelva kraftverk Avslag

Kontaktpersonar:
Sakshandsamar Steinar Pettersen, tlf: 22 95 94 03
Sakshandsamar Tor Carlsen, tlf: 22 95 93 93
Sakshandsamar Brit T. Haugen, tlf: 22 95 90 89
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf: 22 95 93 89 / 901 98 216

Om Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Middelthuns gate 29
0368 Oslo

09575http://www.nve.no

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for å forvalte Noregs vatn- og energiressursar. NVE varetek også dei statlege forvaltningsoppgåvene innan skredførebygging. NVE skal sikre ei heilskapleg og miljøvennleg forvaltning av vassdraga, fremje ei effektiv kraftomsetning, kostnadseffektive energisystem og hjelpe til ein effektiv energibruk.

Følg pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye