– Skriv gjerne passivt, seier språkforskaren
Dei fleste innføringsbøker og språklærarar seier vi må vakte oss for passive setningar. Språkforskaren meiner derimot at passiv er ein fullverdig tale- og skrivemåte.

– Det er ein grunn til at vi har passive konstruksjonar i språket, og da må vi bruke dei der dei passar, seier Arild Høie Henriksen, universitetslektor ved Universitetet i Agder (UiA).
Han disputerte nyleg for doktorgraden ved UiA med ei avhandling om passive setningar på engelsk og norsk.
Han har sine grunnar for å gå inn for passivkonstruksjonar. Før vi går inn på dei, går vi tilbake til Newcastle University i 2001. Der fekk Henriksen høyre at språk ikkje er kommunikasjon. Den førelesinga var oppsiktsvekkande for språkstudenten.
No vart han merksam på språktenkinga til Noam Chomsky. Amerikanaren revolusjonerte synet på språk og språkanalyse frå omkring 1950-åra og fram til i dag. Han tok eit oppgjer med behaviorismen og teorien om at språkkompetanse er resultat av stimuli og respons.
Språkevna er medfødd, sa Chomsky. Han lanserte teorien om at alle i heile verda har ein indre grammatikk. Han kalla den universell grammatikk. Etter kvart vart han opphavsmannen til det vi i dag kallar generativ grammatikk.
Språk er medfødd
Vi snakkar engelsk, norsk og samisk. Koreansk, færøysk og spansk. Men ifølgje teorien til Chomsky, har vi det grunnleggjande felles.
Det grunnleggjande er evna til språklæring. Allereie i fireårsalderen er prinsippa for språkleg produksjon utvikla hos barn. Frå da av kan barna formulere og forstå setningar dei verken har høyrt eller sagt før.
– Motstykket til den teorien er at vi lærer språk slik vi lærer å sykle eller spele sjakk, ved at nokon instruerer oss og får oss til å øve. Men fireåringen har allereie utan instruksjon tatt i bruk dei grunnleggjande strukturane eller prinsippa for språkbruk. Fireåringen kan produsere stadig nye setningar, seier Henriksen.
I dag synest han dette er sjølvsagt, men går likevel med på at språk også er kommunikasjon.
– Primært er språket ein måte å strukturere og produsere tankar på, men vi kan gi språket andre oppgåver også, som å kommunisere, seier Henriksen.
Passive og aktive setningar
Doktoravhandlinga hans følgjer teoriane til Chomsky. Han har analysert setningar frå ei samling med tekstar (korpus) på engelsk og norsk, mellom anna 100 romanar.
– «Eg åt halve kaka» er ei aktiv setning. Vi kan gjere henne om til passiv slik: «Ei halv kake vart eten», seier Henriksen.
Han gir eit lynkurs i forskjellen på aktive og passive setningar: I den aktive setninga var «Eg» den aktive som gjorde noko (subjekt). «Kaka» vart gjort noko med (objekt).
I den passive setninga vart «kaka» flytta fram til subjekt-plassen og vart subjekt.
Det andre som skjer i denne passivsetninga, er at vi ikkje lenger veit kven som åt halve kaka. Den (subjektet) som åt opp halvparten av kaka er skjult, eller undertrykt.
Derfor treng vi passive setningar
– Denne passivsetninga er eit godt døme på kvifor vi treng slike setningar. Den som snakkar, kan ha gode grunnar for å skjule kven som har ete opp kaka, seier Henriksen.
Men han gjer samtidig merksam på at vi kunne ha sagt med ei passivsetning at halve kaka vart eten opp av meg, far eller mor. Vi bruker ikkje passiv berre fordi vi har noko å skjule.
Språkforskaren kallar passivkonstruksjonar for ein fullverdig tale- og skrivemåte. Og da er tida inne for å ramse opp tre av hans grunnar for å bruke passivsetningar:
- Vi ønskjer å skjule eller gi mindre vekt til den (subjektet) som utfører handlinga
- Vi ønskjer å vektleggje handlinga og ikkje kven som har gjort det
- Vi veit ikkje kven som har gjort handlinga, men veit at handlinga er gjort
Passiv på engelsk og norsk
– Men kvifor er passivsetningar på engelsk og norsk ulike, viss dei er bygde på dei same medfødde prinsippa?
– Ifølgje Chomsky finst det grunnleggjande prinsipp som er like i alle språk. I tillegg har det utvikla seg lokale eller nasjonale prinsipp som gir skilnader i språkbruken, seier Henriksen.
Ordstillinga på engelsk og norsk er ulik i såkalla upersonlege passivsetningar.
«Det vart skoten ein mann» kan det heite på norsk. Men «There was shot a man» er feil på engelsk. På engelsk heiter det «There was a man shot».
Her er rekkefølgja av orda ulik på engelsk og norsk. På norsk kan vi også lage upersonleg passiv av setningar utan objekt. Det er ikkje mogleg på engelsk: «Det vart dansa» er heilt fint på norsk. Men «There» eller «It was danced» er ugrammatikalsk på engelsk.
Fornyar og forenklar Chomsky
Generativ grammatikk var til å byrje med svært omstendeleg. Minimalismen er eit forsøk på å forenkle heile teorien. Den teorien har Henriksen brukt i sitt doktorarbeid.
Forklaringa på døma over er at verbet i passivsetningar i engelsk ikkje kan tildele kasus til eit objekt uavhengig av om objektet er realisert eller ikkje. Derfor kan vi verken seie "There was danced a dance" eller "There was danced" på engelsk.
– Forklaringa med kasusteori i sentrum har ikkje vore brukt sidan før minimalismen. Men mi forklaring er enklare fordi eg bruker den same forklaringa på begge fenomena, både med og utan objekt, seier språkforskar Henriksen.
Som no skal undervise studentar på UiA i språk og forske vidare på teoriane om det medfødde språket og dei passiva setningane.
Nøkkelord
Kontakter
Arild Høie HenriksenførstelektorUniversitetet i Agder, Institutt for fremmedspråk og oversetting
Tel:+47 38 14 14 72Tel:+47 920 26 296arild.h.henriksen@uia.noAtle ChristiansenseniorrådgiverUniversitetet i Agder, kommunikasjonsavdelingen
Tel:91161119atle.christiansen@uia.noBilder


Om Universitetet i Agder (UiA)
Følg saker fra Universitetet i Agder (UiA)
Registrer deg med din epostadresse under for å få de nyeste sakene fra Universitetet i Agder (UiA) på epost fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste saker fra Universitetet i Agder (UiA)
UiA-forsker mest lest av alle i fjor12.1.2021 11:35:56 CET | Pressemelding
Janne Lund ved Universitetet i Agder skrev blogginnlegg om at det kanskje er mot sin hensikt å snakke så mye om ungdom og psykisk helse. Innlegget ble mest lest på forskning.no i 2020.
Pønkeren og professoren leser Nietzsche i ny podcast11.1.2021 15:12:01 CET | Pressemelding
Professor Einar Duenger Bøhn og punkrocker Kristopher Schau har lest Nietzsche. I en podkast skal de prøve å ta inn over seg filosofens ideer.
Rekordmange doktorgrader ved UiA8.1.2021 15:03:28 CET | Pressemelding
51 doktorgrader ble avlagt ved Universitetet i Agder i 2020. Til sammen har 300 personer avlagt doktorgrad eller tilsvarende på UiA.
Ny direktør for forskning og innovasjon på UiA15.12.2020 11:56:34 CET | Pressemelding
Ann Camilla Schulze-Krogh kommer fra stillingen som avdelingsleder for bærekraftig utvikling i Agder fylkeskommune.
Trente med høg intensitet under kreftbehandling14.12.2020 15:04:03 CET | Pressemelding
Pasientar kan halde ved like kondisjon og styrke når dei trener under kreftbehandling. Det kjem fram i ei ny avhandling ved Universitetet i Agder.
Sjukepleiarstudentane vil ha meir praksis med pasientdokker10.12.2020 13:36:22 CET | Pressemelding
Studentane får meir sjølvtillit og lærer meir av å øve med teknologistyrte pasientdokker. Det kjem fram i eit nytt doktorgradsprosjekt ved Universitetet i Agder.
I vårt presserom finner du alle våre siste saker, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom