– Me skal brette opp erma!
6.10.2022 11:27:01 CEST | UiT Norges arktiske universitet | Pressemelding

I ei krisetid er prioriteringane knallharde. UiT seier seg passeleg fornøgd med statsbudsjettet for 2023 som vart lagt fram i dag.
Stø fart framover
UiT får 1 % auke i sitt totale budsjett, justert for prisvekst. Det vil seie at drifta held fram omtrent som tidlegare, men at UiT ikkje fekk tilslag på nokon av sine prioriterte innspel.
– Me forstår årets budsjett som at regjeringa er nøgd med jobben UiT gjer, og me ser fram til å brette opp erma og drive kunnskap, forsking og innovasjon vidare, seier rektor Dag Rune Olsen.
Han peiker på at universiteta er særs viktige for framtidas Noreg, og spesielt i nord – av tryggleikspolitiske og miljømessige årsaker. Regjeringa fann ikkje plass til UiT sine innspel og ønske for nye prosjekt, mellom anna eit flytande campus, COAT eller eit nasjonalt senter for jordobservasjon. No håper Olsen på ei større satsing på UiT og heile Nord-Noreg i åra som kjem.
– Me toler eit kvileskjer no, men om sektoren skal nå måla i den nye langtidsplanen for utdanning, og om Nord-Noreg skal halde fram som ein vital landsdel, må regjeringa investere meir framover. Då håpar me at fleire av våre innspel vert lytta til, seier Olsen.
Ny runde om universitetsmuseum
Regjeringa held fast ved at det skal kome eit nytt bygg for Noregs arktiske universitetsmuseum, men dei vil sende eit nytt oppdragsbrev kor ramma må reduserast. Museet fyller ei viktig rolle for forskingsformidling og forvaltning av naturvitskap og kulturarv.
– Når dei justerer ned ramma gjev det oss nokre utfordingar me endå ikkje veit heilt korleis me skal løyse. Men me skal snakke saman med Tromsø kommune og dei andre partane, og eg er sikker på at saman skal me få denne prosessen i gang – mot eit museumsbygg i verdsklasse, seier Olsen.
UiT har som mål at ein startløyving skal kome i 2024.
30 nye plassar på medisin
Regjeringar foreslår å gje UiT 30 nye plassar på medisinutdanninga. Noreg, og særleg Nord-Noreg, treng fleire legar, og UiT skal gjere sitt for å bøte på legemangelen, både i distrikta og i sentrale strøk.
– Dette er ei god prioritering av regjeringa. Me håpar sjølvsagt at mange av legane me utdannar vert verande i landsdelen og hjelper til med å sikre busetnad og levande bygder og byar. Saman med Helse Nord skal me styrke og vidareutvikle samarbeidet vårt og gje våre kandidatar den aller beste legeutdanninga, seier Olsen.
Kontakter
Dag Rune OlsenRektorUiT Norges arktiske universitet
Tel:930 85 881dag.r.olsen@uit.noBilder



Om UiT Norges arktiske universitet
Følg pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiT Norges arktiske universitet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiT Norges arktiske universitet
Nord-Norges største arkeologiske skattefunn tilbake etter nesten 100 år29.5.2026 12:04:47 CEST | Pressemelding
Den såkalte Laksfjordskatten, Nord-Norges største arkeologiske skattefunn, er nå tilbakeført til Norges arktiske universitetsmuseum, nesten hundre år etter at den ble funnet i Laksefjorden i Finnmark.
Ga amerikanske toppolitikere kunnskap om Arktis27.5.2026 13:04:10 CEST | Pressemelding
I helga var UiT Norges arktiske universitet vertskap på Svalbard for en tverrpolitisk amerikansk delegasjon med åtte kvinnelige senatorer med senator Lisa Murkowski i spissen.
Avtale signert for felles PhD-program i kunstnerisk utviklingsarbeid21.5.2026 09:36:21 CEST | Pressemelding
OsloMet, Universitetet i Innlandet og UiT Norges arktiske universitet har signert en intensjonsavtale. Målet er å utvikle et felles treårig PhD-program i kunstnerisk utviklingsarbeid innen utøvende og skapende kunst.
34000 har søkt studieplass ved UiT23.4.2026 10:00:15 CEST | Pressemelding
34000 potensielle studenter har krysset av for UiT-fag i sine søknader. 7450 av dem har UiT som førstevalg i sine søknader i Samordna opptak, mot 8417 i 2025. 7925 har søkt i lokale opptak.
UiT-prisene 2025: Dette er vinnerne!27.3.2026 10:27:54 CET | Pressemelding
Seks priser ble delt ut under Årsfest-seremonien ved UiT Norges arktiske universitet. Alle vinnerne har utmerket seg med ekstraordinær innsats og engasjement.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom
