– Antidepressiva fjernar ikkje tankar om sjølvskading etter fødsel
Kvinner som blir gravide, er ofte usikre på kva medisinar det vil vera trygt å bruka under svangerskapet. Det gjeld òg dei som brukar antidepressiva. Titan har tidlegare skrive at desse kvinnene kan ha ein overdriven angst for desse medisinane.
– Det er lurt å vera forsiktig, men ein skal ikkje bli så forsiktig med medisinar som ein burde ta, at ein sluttar å ta dei utan vidare. Nokon gonger kan konsekvensen av å slutta vera verre, seier Angela Lupattelli, forskar ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.
– Kvinner med depresjon kan mista matlysta, slita med søvnen og vera mindre fysisk aktive. Ikkje noko av dette er heldig for barnet, forklarar ho.
Undersøkte tankar om sjølvskading
Det meste av forskinga på legemiddelbruk under svangerskapet har vore på effekten på barnet. Det er sjølvsagt viktig, understrekar Lupattelli, men for å kunna gje så gode råd som mogleg, må forskarane òg vita konsekvensane for mora.
Den kanskje alvorlegaste konsekvensen av depresjon er sjølvskading. Lupattelli fekk bistand av Jennifer Vallee, Yih Wong og Eline Mannino, tre studentar med sommarstipend ved UiO:Livsvitskap, til å analysera tal frå ei stor felleseuropeisk undersøking blant gravide og kvinner som nyleg hadde fødd.
– Vi undersøkte ikkje eigentleg sjølvskading, men tankar om sjølvskading som deltakarane rapporterte sjølve. Det er jo nærliggjande å tenkja at faktiske tilfelle av sjølvskading vil fylgja det same mønsteret, men det kan vi altså ikkje seia noko om, seier Lupattelli.
Ingen forskjell av betyding
– Blant kvinner som er deprimerte under svangerskapet, er det ein høg risiko for at sjukdommen varar lengre eller blir verre det fyrste året etter fødselen.
Derfor ynskte Lupattelli og kollegane å finna ut om medisineringa under svangerskapet kunne ha noko å seia for seinare tankar om sjølvskading.
Dei samanlikna svara frå kvinner som hadde teke antidepressiva under svangerskapet med kvinner som òg hadde vore deprimerte, men utan å vera medisinerte.
– Niks. Null. Nada. Når det gjaldt tankar om sjølvskading etter fødselen, kunne vi ikkje dokumentera nokon forskjell av betyding mellom dei som hadde brukt antidepressiva gjennom heile svangerskapet og dei som ikkje hadde brukt det, seier Lupattelli.
Best å halda fram
– Men derimot fann vi ein effekt hjå dei som hadde brukt antidepressiva i berre eitt av trimestera, som altså er ein av dei tre-månadars periodane vi deler eit svangerskap inn i.
– Blant desse kvinnene var det ein høgare del som rapporterte om tankar om sjølvskading. Dermed ser det ut til at vi kan seia at dersom du går på antidepressiva under svangerskapet – og mange av desse har jo gjort det på tidspunktet dei vart gravide – er det antakeleg best å halda fram med det.
Ho legg til at sjølv om antidepressiva har liten effekt på tankar om sjølvskading, har dei tidlegare vist seg å ha effekt på andre sider ved det å vera deprimert, som angst, tristheit og manglande glede.
Ikkje betraktast som råd
Risikoen for barnet trur ho kan vera til å leva med.
– Det er ein risiko for prematur fødsel, men antakeleg ikkje meir enn eit par dagar. Barnet risikerer òg å bli fødd med abstinenssymptom som irritabilitet eller høgare blodtrykk, men dei er ikkje så alvorlege og går over etter nokre få dagar. Nokre medisinar kan òg gje visse typar åtferdsforstyrringar hjå barnet seinare, men effekten er ikkje så stor.
Lupattelli understrekar at det er for tidleg å betrakta dette som råd som skal takast i bruk endå, og at det enno er mange sider ved bruken av antidepressiva ved graviditet som må undersøkast. Ho håpar å studera om alderen til mora har noko å seia. Utvalet i denne undersøkinga har vore for lite til å seia noko om det.
Nøkkelord
Kontakter
Wenche WillochRedaktør, Titan.uio.no
Tel:+4798203122wenche.willoch@mn.uio.noBilder
Lenker
Om UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultetSem Sælands vei 24
0371 Oslo
22 85 56 00http://www.mn.uio.no/
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har ein lang og stolt tradisjon innan forsking og undervising i dei klassiske realfaglege disiplinane. Fakultetet si verksemd dekkjer også eit breitt spekter av tverrfagleg forsking og ligg i front i Europa på fleire område.
Følg våre forskingsnyheiter på Titan.uio.no, som også er på Facebook og Twitter, eller abonner på nyheitsbrevet.
Følg pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra UiO - Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Bare tre av ti PhD-kandidater blir igjen ved norske universiteter16.12.2025 12:53:48 CET | Pressemelding
SSB presenterer nye tall om PhD-karrierer på åpningen av karriereuka THE WEEK på Universitetet i Oslo.
Titan fyller ti år: Hvorfor trenger vi kunnskap om realfag og teknologi?1.12.2025 10:12:41 CET | Pressemelding
Hvordan kan vi nå fram med faktabasert kunnskap når mediebildet er mer fragmentert enn noen gang? I anledning sitt tiårsjubileum inviterer Titan – nyhetsavisen for realfag og teknologi ved Universitetet i Oslo – til en åpen samtale om forskningsformidlingens rolle i dagens samfunn.
KI-ens "gudfar" Yoshua Bengio åpner Norges nye senter for pålitelig kunstig intelligens8.11.2025 14:05:13 CET | Pressemelding
Mandag 10. november kl. 15.00 lanseres TRUST – The Norwegian Centre for Trustworthy AI, Norges nye nasjonale forskningssenter for pålitelig kunstig intelligens. Arrangementet finner sted på Universitet i Oslo og er åpent for alle.
Når vinden blåser, flyter strømmen – møt vinnerne av WindAI-konkurransen3.11.2025 08:49:46 CET | Pressemelding
Konkurransen “WindAI – Forecasting Wind Power Production” hadde ett enkelt, men ambisiøst mål: å bygge den beste modellen for å forutsi hvor mye strøm Norges vindparker vil produsere to dager frem i tid, time for time. EquiWindNerds gikk seirende ut og tok med seg 50 000 kroner i premiepenger, sponset av Statnett, samt muligheten til å presentere løsningen sin for Statnett. Prisutdelingen finner sted under konferansen Nordic AI Meet – en konferanse for unge forskere innen kunstig intelligens – i Norrköping, Sverige, i november 2025. Konkurransen var arrangert av EduWind, Statnett, NORA.ai, NorwAI, Nemonoor og Norwegian AI Cloud.
Forskaren et ikkje blåskjel lenger på grunn av kjemiske stoff som hopar seg opp4.9.2025 07:55:59 CEST | Pressemelding
Plastflasker og gummidekk i havet frigjev kjemikaliar til vatnet. Mykje av dei hamnar i vår eiga næringskjede, men vi veit ikkje kva effekten er.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom