Fiskebåt

- Udramatisk rapport frå Riksrevisjonen

Del
- Riksrevisjonen påpeikar at fiskefåten har auka lønsenda gjennom effektivisering og reduksjon i talet på fartøy både i kyst- og den havgåande fiskeflåten. Dette har vore ein ønska politikk som har vore forankra i Stortinget, og har hatt brei støtte i fiskerinæringa, seier administrerande direktør i Fiskebåt, Audun Maråk.
Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

Riksrevisjonen la i dag fram sin rapport for Stortinget, der det mellom anna blir vist til at det har blitt færre og større fiskefartøy i perioden 2004 til 2018 som Riksrevisjonen har tatt for seg.

- Sjølv om det er blitt færre og større fartøy både i kyst- og havfiskeflåten har ressursfordelinga mellom dei ulike flåtegruppene ligge fast. Eg merkar meg elles at Riksrevisjonen er kritisk til endringane i fartøylengde og lastekapasitet som fann stad i kystflåten i 2008, og at desse burde vore betre konsekvensugreia. Men også desse endringane var politisk forankra i dåverande regjering som besto av Ap, Sp og SV. I tillegg hadde dei støtte frå resten av Stortinget i denne endringa, seier Maråk. 

Auka aktivitet

Han viser til at sjølv om fiskeriaktiviteten er redusert i enkelte kystsamfunn er det store bildet ein auka aktivitet og auka positivet langs heile kysten. 

- Lønsemda i fiskeria er ein viktig faktor for denne positive utviklinga, seier Maråk.

Maråk støttar Riksrevisjonen i at det bør innførast avgrensingar i eigarskap også i kystflåten.

- I den havgåande fiskeflåten har vi att avgrensingar i eigarkonsentrasjonen i mange år. Når det er sagt, så har både regjering og Storting gått lengre i å tillate eigarkonsentrasjonar i den havgåande fiskeflåten enn det Fiskebåt har tilrådd, seier Maråk. 

Frå subsidiar til lønsam eksportnæring

Maråk presiserer også at fiskerinæringa har gått frå å vere subsidiert, til å bli ei lønsam og attraktiv næring som kan møte framtidas utfordringar offensivt, takka vere eit godt samarbeid mellom styresmakter og næringa. 

- Denne positive utviklinga som har vore breidt politisk forankra er det viktig å ta med seg når ein vurderer rapporten frå Riksrevisjonen. At enkelte forhold kunne vore betre utgreia endrar ikkje på den konklusjonen, seier Maråk.

Kontakter

Bilder

Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Last ned bilde

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
World GlobeA line styled icon from Orion Icon Library.HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye