Fiskebåt

- Må ta seg tid til å kartlegge konsekvensane

Del
Regjeringa legg til rette for å realisere første fase av havvind frå Sørlige Nordsjø II. Krafta frå feltet skal sendast i kabel til det norske fastlandet. Det er viktig at ein ikkje går for raskt fram, seier Fiskebåt-direktør Audun Maråk.
Illustrasjon: Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Illustrasjon: Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.

- Satsinga på havvind føreset at ein tar omsyn til viktige fiskebestandar, gyteområde og fiskefelt. Først når ein kjenner konsekvensane av dette, kan ein ha eit grunnlag som gjer at ein kan satse storstilt på havvind, seier adm.dir. i Fiskebåt Audun Maråk.

Regjeringa opna i dag for realisering av første fase av dei planlagte utbyggingane i Nordsjø II og Utsira. 

- Vi håpar, som også regjeringa gjer, at desse utgreiingane gir grunnlag for å satse på havvind som ein ny norsk industri og energikilde. Dette føreset som sagt at ein tar omsyn til fiskebestandane, miljøet elles og fiskeria. Det er difor viktig at ein ikkje forhastar seg, men tar eit steg i gangen og får kartlagt konsekvensane som forhåpentlegvis ikkje er så store som ein kan frykte, seier Maråk.

Som tilføyer; 

- Så noterte eg meg at næringsministeren takka tidlegare handels og sjøfartsminister Jens Evensen for at Norge rår over store havområde. Evensen gjorde ein viktig jobb for Norge, men det er aktiviteten til norske fiskarar og ein havgåande fiskeflåte, som gjer at Norge rår over store havområdet. Utan den aktiviteten ville ikkje Norge hatt råderett over ressursane i havrommet, seier Maråk.

Kontakter

Bilder

Illustrasjon: Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Illustrasjon: Foto: Odd Kristian Dahle/Fiskebåt.
Last ned bilde

Om Fiskebåt

Fiskebåt
Fiskebåt
Røysegata 15
6003 Ålesund

70 10 14 60http://www.fiskebat.no

Fiskebåt - havfiskeflåtens organisasjon, jobber for en miljøvennlig og lønnsom fiskeflåte, som leverer sunn mat fra bærekraftige bestander i verdens reneste havområder. 

Følg pressemeldinger fra Fiskebåt

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Fiskebåt på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Fiskebåt

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye