• Pressemeldinger
  • Børsmeldinger
  • Business Wire
  • GlobeNewswire
Samferdselsdepartementet

Alvorleg kostnadsauke i InterCity-prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad11.5.2021 10:48:33 CEST | Samferdselsdepartementet

– På grunn av krevjande grunnforhold med store førekomstar av kvikkleire kjem det pågåande InterCity-prosjektet gjennom Moss til å bli vesentleg dyrare enn planlagt. Den sannsynlege sluttkostnaden er no på 14,9 milliardar kroner. Kostnadsramma på 17,9 milliardar kroner tek omsyn til uvisse om kostnadane i prosjektet. Det er alvorleg med ein auke i kostnadsramma på 70 prosent, men planlagde forbetringar i togtilbodet er avhengig av at prosjektet blir fullført, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Samferdselsdepartementet

Namsosbanen og strekninga Røste-Dokka på Valdresbanen tas ut av det nasjonale jernbanenettet11.5.2021 10:45:00 CEST | Samferdselsdepartementet

– Det har ikkje vore togtrafikk på Namsosbanen og på Valdresbanen mellom Røste og Dokka på fleire år. Desse strekningane er i svært dårleg forfatning, og det er kostnadskrevjande å setje dei i køyrbar stand. Då er det betre å ta strekningane ut av det nasjonale jernbanenettet, slik at areala kan bli frigjevne til andre formål enn togtrafikk, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • Siste
  • >>