
Revidert nasjonalbudsjett 2026: 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap12.5.2026 11:49:38 CEST | Samferdselsdepartementet | Pressemelding
Tryggleik for næringlivet er heilt sentralt i regjeringas plan for Noreg. Det gjeld også ved uføresette hendingar. Derfor foreslår regjeringa å løyve 150 millionar kroner i kompensasjon til godstogselskap. Pengane skal dekkje økonomiske tap etter kvikkleireskredet som ramma Nordlandsbanen ved Levanger i august i fjor.
















