![Kystverket](/data/images/public/2088704/18173456/df7cd985-a269-4710-8f85-f7fb8279e59e-w_360_h_52.png)
Kronikk: «No easy day» – Kystverket i totalforsvaret4.7.2024 10:25:04 CEST | Kystverket
Frå vår fredelege plett i nord observerer vi på litt avstand eit auka press mot demokratiske verdiar, og at den alminnelege rettssikkerheita vert utfordra. Vi ser tendensar til at tradisjonelle grenser mellom fred, krise og krig er meir uklare, og at oppfatninga av kva som er legitime og illegitime mål er i spel. Likeins kan ein sjå døme på at skiljelinjene mellom sivil og militær aktivitet er mindre tydeleg.