• Pressemeldinger
  • Børsmeldinger
  • Business Wire
  • GlobeNewswire
Samferdselsdepartementet

Alvorleg kostnadsauke i InterCity-prosjektet Sandbukta–Moss–Såstad11.5.2021 10:48:33 CEST | Samferdselsdepartementet

– På grunn av krevjande grunnforhold med store førekomstar av kvikkleire kjem det pågåande InterCity-prosjektet gjennom Moss til å bli vesentleg dyrare enn planlagt. Den sannsynlege sluttkostnaden er no på 14,9 milliardar kroner. Kostnadsramma på 17,9 milliardar kroner tek omsyn til uvisse om kostnadane i prosjektet. Det er alvorleg med ein auke i kostnadsramma på 70 prosent, men planlagde forbetringar i togtilbodet er avhengig av at prosjektet blir fullført, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Samferdselsdepartementet

Namsosbanen og strekninga Røste-Dokka på Valdresbanen tas ut av det nasjonale jernbanenettet11.5.2021 10:45:00 CEST | Samferdselsdepartementet

– Det har ikkje vore togtrafikk på Namsosbanen og på Valdresbanen mellom Røste og Dokka på fleire år. Desse strekningane er i svært dårleg forfatning, og det er kostnadskrevjande å setje dei i køyrbar stand. Då er det betre å ta strekningane ut av det nasjonale jernbanenettet, slik at areala kan bli frigjevne til andre formål enn togtrafikk, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
Samferdselsdepartementet

Foreslår oppstart for Bergen–Fløen og Nygårdstangen godsterminal allereie hausten 202111.5.2021 10:45:00 CEST | Samferdselsdepartementet

– For at passasjerar og næringsliv skal få effekt av dobbeltsporet som nye og gamle Ulriken tunnel utgjer mellom Arna og Fløen, er det òg naudsynt å bygge dobbeltspor mellom Fløen og Bergen stasjon. I tillegg har Nygårdstangen godsterminal behov for modernisering, slik at terminalen kan handtere framtidig auke i godstrafikk på bane. Planlegginga av prosjektet har gått raskare enn føresett, slik at det blir mogleg å inngå kontraktar allereie denne hausten, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.
  • 1
  • 2
  • 3
  • 4
  • 5
  • Siste
  • >>