
Ny teneste skal gi bønder betre sesongvarsel20.4.2026 09:19:16 CEST | Meteorologisk institutt | Pressemelding
Korleis blir sommaren? Blir det ein våt haust eller ein tørr vår? For bønder kan slike spørsmål vere avgjerande, men svara er ofte usikre. Meteorologisk institutt utviklar no ei ny teneste som skal gjere sesongvarsel meir nyttige for bønder og landbruket i Noreg.















