Inn i skogen med Odd Nordstoga6.10.2022 11:44:01 CEST | Universal Music Norge | PressemeldingMen ikkje på blåbertur
Så lett som ingenting med Odd Nordstoga2.6.2022 10:52:14 CEST | Universal Music Norge | PressemeldingDen tredje låten frå Nordstogas nye prosjekt er ute på straumetenestane fredag 3. juni. Det er ikkje nødvendigvis ein slik låt som ser deg djupt i augo og seier «I love you!» Nei, heller berre ein slik som prisar kor det lyfter, kor fint og kor lettvint detta livet kan vera, berre den andre er i nærleiken. Som eit snøflak i desember som kjem dalande og smeltar på di hand Og som linerla om våren som så liketil velsignar dette land Som eit vindblaff i gardina som seier: «Hei! Her er det liv i alle ting» Ja, som morgonen som lyser inn er det og det lyfter denne dagen så lett som ingenting Slik kan det ver’ når du er ikring Så lett som ingenting Til vanleg så går ein vel ikkje rundt og tenker så mykje på kor mykje glede det gjev berre det at ein har kvarandre. Men sommtid kan ein ta seg i det. Sjå nett den tingen. For ofte er det vel slik at det som gjorde dagen din var dei du dela den med. Igjen er låten spelt inn heime i Nordstoga på Nordstrand. Reisverket er sett opp av Odd Nordstoga sj
Ny låt fra Odd Nordstoga «Vårløysing» slippes 22. april21.4.2022 12:44:24 CEST | Universal Music Norge | PressemeldingDette er den andre låten som kjem ut frå Odd Nordstogas komande album «Inn i skogen». Igjen så er det naturen som spelar hovudrolla. Men her er det også ei lita kjærleikshistorie som faldar seg ut i same rennet som isen som går, bekkane renn og fuglesongen vaknar i skogen. Det høyrer jo ihop alt, og ein song om dei livgjevande kjempekreftene i verda kan vel vera bra no om dagen. Låten er spelt inn og produsert av Odd sjølv heime på Lambertseter. Han spelar dei fleste instrumenta sjølv, men har med seg Tor Egil Kreken på bass og Torstein Lofthus på Trommer. Miksen er gjort av Øystein Frantzvåg og mastering er gjort av Morgan Nicolaysen. Du må løyse nokre skruar før eit hjul kan gå av Du må snu nokre sider før du har lese eit blad Det må smelte innpå fjellet før det kan fosse i ei li Og du var her ganske lenge før du sa du ville bli Og det var ‘kje oss Det var bekkane som rann knoppar skaut det var fuglar som kom frå eit varmare land Det var is som brast og sette alt fri så det fekk star