
Totalforsvarsåret 2026: Slik bidreg Sjøfartsdirektoratet til trygg og føreseieleg sjøtransport20.2.2026 10:09:34 CET | Sjøfartsdirektoratet | Pressemelding
Samarbeid mellom styresmakter og næringsliv blir løfta fram som avgjerande for nasjonal beredskap i Totalforsvarsåret 2026. For maritim næring spelar trygg og føreseieleg sjøtransport ei nøkkelrolle. Sjøfartsdirektoratet arbeider for at skip kan operere – også når samfunnet er under press.


















