Fun-facts om jordbruket i DITT herad - Vestland: Sjekk NIBIOs Arealbarometer og finn ut korleis heradet ditt gjer det på landbruksfronten!3.7.2025 12:30:43 CEST | Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO | Pressemelding
Eksempel frå Ullensvang: Turistane veit kvar dei skal reisa for å sjå fruktbløminga i eit av verdas vakraste naturområde. Men Ullensvang er ikkje berre eit av Noregs mest populære reisemål. Ullensvang er òg Noregs største fruktherad med eit areal på 5624 dekar frukt i 2024.