Skal leie nytt fakultet frå august
Leif Holst Jensen får tilbod om åremål som dekan ved det nye fakultet for film, TV og spill ved Høgskulen i Innlandet (HINN).
Holst Jensen er i dag dekan ved Fakultet for audiovisuelle medier og kreativ teknologi (AMEK) som frå 1. august vert slått saman med Den norske filmskulen (DNF), som også er eit fakultet ved HINN.
– Leif Holst Jensen har lang erfaring frå både utdanningssektoren og film- og fjernsynsbransjen. Han har vore ein engasjert fakultetsleiar i den rolla han har i dag, og vi er trygge på at han vil fylle også si nye rolle på ein god måte, seier styreleiar Maren Kyllingstad.
Noverande dekan ved Den norske filmskulen, Eli Bø, er innstilt som nummer to til stillinga, og har fått tilbod om vidareføring i stillinga som leiar av filmskulen, som er ein av tre skular i det nye fakultetet.
– Det er to godt kvalifiserte kandidatar som vart innstilte, etter ei samla vurdering av faglege kvalifikasjonar, erfaring og personlege eigenskapar. Styret følgde fleirtalsinnstillinga fra det oppnemnde innstillingsutvalet, seier Kyllingstad.
Robuste og sterke fagmiljø
I desember i fjor avgjorde høgskulestyret at dei to fakulteta skulle slåast saman til eitt. Styret meinte at ein fusjon var det rette for å henge med i utviklinga og byggje robuste og sterke fagmiljø for framtida.
I eit styremøte tysdag vart det avgjort å tilsetje Leif Holst Jensen som ny dekan.
– Tilsetting av dekan er ein viktig milepæl. Leif Holst Jensen vil framover spele ei sentral rolle i utvikling og etablering av det nye og samla fakultetet, og får både det faglege og administrative ansvaret for all verksemd ved fakultetet framover. Som intern søkar kan han gå inn i arbeidet straks det formelle rundt tilsetjinga er på plass, seier rektor Peer Jacob Svenkerud.
Over 600 studentar
Det nye fakultetet vil ha om lag 660 studentar og 130 tilsette, og tilbyr mellom anna utdanning i film, TV-produksjon, animasjon og spelteknologi.
Hausten 2024 startar fakultetet også opp ei bachelorutdanning i kunstig intelligens.
Den norske filmskulen, TV-skulen og Spillskulen vert førte vidare som einingar i det nye fakultetet, med kvar sin skuleleiar.
Nøkkelord
Kontakter
Peer Jacob SvenkerudRektor
Tel:+47 62 43 04 06Tel:+47 915 54 368peer.svenkerud@inn.noLenker
Følg pressemeldinger fra Høgskolen i Innlandet
Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Høgskolen i Innlandet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.
Siste pressemeldinger fra Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Innlandet øker mest i landet26.4.2024 09:35:00 CEST | Pressemelding
9357 søkere har HINN som førstevalg i årets Samordna opptak. Det er 1049 flere enn i 2023 og den største økningen i antall blant samtlige høyere utdanningsinstitusjoner i Norge.
Rekordhøy forskningsaktivitet ved Høgskolen i Innlandet16.4.2024 09:11:04 CEST | Pressemelding
Høgskolen i Innlandet (HINN) hadde i fjor en økning i antall publiseringspoeng på hele 25 prosent.
Mister Ap grepet om høyborgen Innlandet?13.4.2024 10:00:00 CEST | Pressemelding
Den langsiktige tendensen er tydelig: Selv i Innlandet falmer Arbeiderpartiets dominans, viser ny bok.
Knut Storberget åpner beredskapssenter3.4.2024 11:27:25 CEST | Presseinvitasjon
PROTECT – Senter for beredskap og krisehåndtering åpner på Rena. Statsforvalter i Innlandet, Knut Storberget, står for åpningen.
Nytt beredskapssenter åpner på Rena2.4.2024 14:49:27 CEST | Pressemelding
Behovet for kunnskap om beredskap og krisehåndtering øker. Nå åpner det som skal bli et kunnskapssentrum for hele landet ved Høgskolen i Innlandet på Rena.
I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.
Besøk vårt presserom