Miljødirektoratet

Bruk av emballasje blir stramma inn – no blir det meir ombruk

Del

EU vil ha mindre overflødig emballasje og strammar no inn regelverket.

Hend som held termokopp.
Snart kan du få med kaffien i eigen kopp. Foto: Aase Marie Lund Evensen, Miljødirektoratet

– EUs krav til at emballasje skal bli meir berekraftig, vil bidra til at det blir mindre avfall, og at råvarene som blir brukte til å lage emballasjen blir utnytta lengre og betre. Det er viktig i den sirkulære økonomien, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Dagens regelverk for emballasje bidreg i for lita grad til ein sirkulær økonomi. Den nye emballasjeforordninga omfattar heile verdikjeda frå produksjon, via bruk til ombruk og materialattvinning. Regelverket er ein del av EUs grøne giv og handlingsplanen for sirkulær økonomi, som sikrar likt regelverk i heile EU/EØS.

Det kjem ei lang rekkje nye, ambisiøse krav retta mot emballasje. Dei fleste er retta mot produsentane av emballasje og dei som importerer eller produserer emballerte varer.

Takeaway i eigen kopp

Auka ombruk og påfyll er nødvendig for ei meir sirkulær verdikjede for emballasje.

Serveringsbransjen som sel mat og drikke for "takeaway", eller for å "ta med", skal leggje til rette for at kundane kan ta med eigen kopp eller matbehaldar for påfyll. Dei skal informere om denne moglegheita synleg, tydeleg og klart i lokalet. Innan tre år etter at forordninga er vedteken, skal serveringsbransjen også tilby ombrukemballasje.

Ombrukbar emballasje på drikkevarer

Noreg har eit velfungerande og robust pantesystem som oppnår høg returdel og høg grad av materialattvinning for drikkevareemballasje. No skal ombrukemballasje også inn i returordninga. Frå 2030 skal minst ti prosent av drikkevarene som blir selde, vere tappa på ombrukbar emballasje og inngå i eit retursystem.

Slutt på doble vegger og botnar

Mange produkt er pakka inn i unødvendig mykje emballasje, men no blir det slutt på det. Både vekt, volum og lag med emballasje skal reduserast. Emballasje som gir inntrykk av at volumet av produktet er større enn det er, skal ikkje setjast på marknaden.

Frå 2030 blir det forbode å bruke nokre typar eingongsemballasje av plast. Dette gjeld mellom anna ved sal av mat og drikke som blir ete på staden, og for porsjonsbehaldarar med til dømes fløyte og sausar, og miniatyrbehaldarar med kosmetikkprodukt. Veldig lette plastbereposar (typisk til frukt og grønt) blir også regulerte slik at dei berre skal brukast dersom det er av omsyn til hygiene eller for å hindre matsvinn.

Emballasjen skal kunne materialattvinnast

Når vi bruker nye råvarer kvar gong vi produserer eit nytt produkt eller emballasje, sløsar vi med ressursar. Frå 2030 skal all emballasje kunne attvinnast. Det betyr at emballasjen er av tilstrekkeleg kvalitet slik at den kan erstatte ny råvare. 

I ein sirkulær økonomi er det viktig at material som er materialattvunne, ikkje inneheld stoff som reduserer kvaliteten eller bruksområdet. Emballasje skal ikkje innehalde stoff som kan redusere moglegheita til ombruk og materialattvinning, eller det materialattvunnen råvare kan brukast til vidare. Det vil gjere det mogleg å materialattvinne meir.

For å styrkje marknaden for materialattvunnen plast, blir det innført krav om minimum innhald av materialattvunne materiale i nokon typar plastemballasje frå 2030.

Vil redusere mengda emballasjeavfall per innbyggjar

Det er konkrete mål for kvart enkelt land om å redusere mengda emballasjeavfall per innbyggjar med fem prosent i 2030. Reduksjonen skal auke til 15 prosent i 2040, samanlikna med 2018. Dette er eit ambisiøst krav som Miljødirektoratet forventar vil krevje skjerpa verkemiddel i Noreg.

Det skal bli enklare for forbrukaren å sortere emballasjeavfallet rett slik at emballasje kan brukast om igjen eller materialattvinnast. Emballasje skal merkast med symbol som gir forbrukarane informasjon om korleis emballasjen skal handterast som avfall. Symbola skal vere felles i EØS, men unntak av for pantesystema der det skal takast omsyn til at dette er ulikt blant landa. Noreg har gitt innspel om den frivillige merkeordninga som bransjen allereie bruker.

Blir truleg innført i Noreg i 2025

Emballasjeforordninga er no vedteken i Europaparlamentet. Den skal no gjennom språkvask og omsetjingar til ulike språk før den rein reint formelt blir støtta av nytt Europaparlament når det er på plass til hausten. Miljødirektoratet forventar at regelverket blir vedteke endeleg på eit møte mellom medlemslanda i EU i Rådet kort tid etter dette. Deretter vil regelverket bli publisert i EU-tidande.

Regelverket er forventa å bli gjennomført i Noreg i løpet av 2025.

Kontakter

PressevaktPressevakta svarer på førespurnader frå pressa mandag til fredag

Bemanna mellom klokka 8 og 15.45 frå 15. september til 14. mai, mellom klokka 8 og 15 frå 15. mai til 14. september.

Tel:40 10 38 00presse@miljodir.no

Lenker

Om oss

Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø
Våre hovedoppgaver er å redusere utslipp av klimagasser, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet. Vi har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine lokalkontor.

Følg pressemeldinger fra Miljødirektoratet

Registrer deg med din e-postadresse under for å få de nyeste sakene fra Miljødirektoratet på e-post fortløpende. Du kan melde deg av når som helst.

Siste pressemeldinger fra Miljødirektoratet

I vårt presserom finner du alle våre siste pressemeldinger, kontaktpersoner, bilder, dokumenter og annen relevant informasjon om oss.

Besøk vårt presserom
HiddenA line styled icon from Orion Icon Library.Eye